Teknologi

Regjeringshæren i Sudan (SAF) seier dei har tatt kontroll over presidentpalasset og fleire regjeringsbygg i hovudstaden Khartoum.

Men kampane i hovudstaden går framleis føre seg.

Fredag angrep den paramilitære gruppa Rapid Support Forces presidentpalasset med dronar, skriv Reuters.

Tre journalistar blei drepen i angrepet, skriv Sudans informasjonsminister Khaled Al-Aiser på X.

Den sudanesiske hæren har inntatt presidentpalasset i hovedstaden Khartoum 21. mars

Sudanske regjeringssoldatar feirar utanfor presidentpalasset fredag 21. mars.

Foto: Skjermbilde / Bilde fra X

Soldatar feirar

– Vi er inne! Vi er inne i palasset, ropar ein mann i militær uniform.

Video og bilete frå sosiale medium viser soldatar frå regjeringshæren feire inne i det krigsherja presidentpalasset.

Fleire videoar viser soldatar som fyrer av våpen rundt palasset.

Vendinga i krigen skjer etter SAF starta ein ny offensiv mot gruppa Rapid Support Forces (RSF) i hovudstaden førre veke.

Det skriv avisa Sudan Tribune.

Dette treng du å vite om krigen i Sudan

  • Kven kjempar mot kvarandre?

    Det har vore borgarkrig i Sudan sidan 2023. Der kjempar først og fremst to styrkar mot kvarandre:

    • Den sudanske hæren, kjend som SAF
    • Rapid Support Forces, kjend som RSF

    Dei to styrkane jobba saman i fleire år. Men dei rauk uklar med kvarandre i 2023 på grunn av press om å slå seg saman. Sidan har dei kriga mot kvarandre for å få kontroll over Sudan.

  • Kva kjempar dei om?

    Både regjeringshæren og RSF kontrollerer store ressursar som dei ikkje er villige til å gje opp, blant anna gull.

    RSF kontrollerer store delar av Vest-Sudan, blant anna Darfur-regionen. SAF kontrollerer mykje i aust, inkludert mesteparten av hovudstaden Khartoum.

  • Kva konsekvensar har krigen fått?

    Konflikten blir kalla «verdas største svoltkatastrofe», 24 millionar menneske lid av svolt i landet, ifølgje Leger uten grenser.

    Truleg er kring 150.000 menneske er drepne.

    Konflikten er komplisert og har røter tilbake til borgarkrigen som herja frå 1983 til 2005.

RSF: Kampane er ikkje over

Store delar av Khartoum har vore kontrollert av den paramilitære gruppa RSF sidan krigen starta i 2023.

Byen er hardt råka av to år med krig. Over halvparten av innbyggjarane har flykta sidan krigen byrja, ifølgje FN.

Regjeringshæren seier dei no held fram med å fjerne RSF-styrkane heilt frå hovudstaden, skriv BBC.

– Styrkane våre har beslaglagt store mengder utstyr og våpen som tilhøyrde fienden, seier Nabil Abdallah, talsperson for regjeringshæren, på statleg TV.

Rapid Support Forces seier derimot at kampen om presidentpalasset ikkje er over, og at dei framleis held til like i nærleiken.

I ei melding på Telegram skriv RSF at dei har drepe 89 regjeringssoldatar og øydelagt fleire militære køyretøy.

  • Regjeringssoldater inne i presidentpalasset i Khartoum.

    Sudanske regjeringssoldatar inne i presidentpalasset i Khartoum.

    Foto: - / AFP / NTB
  • et militært kjøretøy med en person som står foran det

    Eit øydelagt pansra kjøretøy i Khartoum.

    Foto: Ebrahim Hamid / AFP
  • Ødelagte bygninger i Khartoum 20. mars

    Ein ødelagd bygning i Khartoum. Hovudstaden er blitt hardt råka av krigen.

    Foto: EBRAHIM HAMID / AFP / NTB

Ekspert: Landet kan bli delt

– Det er mykje som tyder på at RSF må gi opp Khartoum sjølv om vi framleis kan forvente harde kampar.

Det seier Sudan-ekspert ved Christian Michelsens Institutt (CMI), Gunnar Sørbø, til NRK.

Sørbø trur likevel ikkje at krigen nærmar seg sin slutt.

– RSF kontrollerer det aller meste av det kjempestore området vest for Nilen, seier han.

– Dei har støttespelarar i regionen. Vi kan få ei langvarig deling av landet, slik vi har sett i Jemen, Somalia og Libya.

– Den beste nyheita

Mange innbyggjarar skal vere positive til regjeringshæren sin framgang, ifølgje CNN.

– Dette er den beste nyheita eg har fått sidan starten av krigen, seier innbyggar Mohamed Ibrahim til Reuters.

– Vi ønskjer berre å vere trygge igjen, seier han til nyheitsbyrået.

Duaa Tariq seier til BBC at ingen mat eller medisinar har kunne blitt frakta ut av Khartoum mens kampane har halde på.

– Alle har venta på at militæret skulle ta over palasset, seier ho.

Skuldingar om folkemord

RSF har tidlegare blitt skulda for folkemord. Skuldingane har blant anna komme frå den amerikanske regjeringa.

Tusenvis av sivile skal vere drepne av RSF på bakgrunn av etnisitet, ifølgje CNN. Og eit ukjent tal kvinner skal ha blitt utsette for seksuell vald av gruppa.

Men også regjeringshæren SAF skal ha stått bak omfattande vald og overgrep mot sivile, kjem det fram i ein rapport frå FN.

Røyk kjem opp frå Khartoum by, Sudan

To år med krig mellom den sudanske hæren og den paramilitære gruppa RSF har gjort mykje skade på hovudstaden Khartoum.

Foto: Rashed Ahmed / AP

I heile landet har 8,8 millionar menneske blitt drivne på flukt, ifølgje FN. Dødstala er usikre, men estimerte til opp til 150 000 menneske sidan krigen starta.

Det kjem også rapportar frå WHO om hungersnaud og utbrot av sjukdommar.

Interessert i utanriks? Hør siste episode frå vår podkast her:


Source link

Leave A Comment


Last Visited Articles


Info Board

Visitor Counter
0
 

Todays visit

6 Articles 43 RSS ARTS 107 Photos

Popular News

🚀 Welcome to our website! Stay updated with the latest news. 🎉

United States

3.17.156.160 :: Total visit:


Welcome 3.97.956.960 Click here to Register or login
Oslo time:2025-05-04 Whos is online (last 10 min): 
1 - United States - 0.07.006.060
2 - United States - 66.249.80.34
3 - United States - 99.249.70.32
4 - United States - 66.247.70.33
5 - United States - 226.244.66.227
6 - Singapore - 57.528.526.559
7 - United States - 66.249.70.79
8 - Singapore - 554.555.536.258
9 - United States - 1.17.59.199
10 - Singapore - 47.528.63.32
11 - United States - 04.200.080.240
12 - Singapore - 47.028.002.074
13 - Canada - 844.287.885.862
14 - Singapore - 47.428.44.249
15 - Canada - 849.88.880.87
16 - Singapore - 994.999.929.94
17 - Singapore - 47.424.45.42
18 - United States - 68.222.64.209
19 - Singapore - 47.428.60.67
20 - United States - 2a03:2000:f000:00::
21 - United States - 4a03:4880:f800:4::
22 - United States - 14.194.14.255
23 - Singapore - 47.728.27.278
24 - United States - 2a03:2880:f800:10::
25 - United States - 2a03:2440:f400:f::
26 - United States - 2a03:2880:f800:6::
27 - United States - 2a03:2880:f800::
28 - United States - 2a03:2990:f900:9a::
29 - United States - 2a03:2880:f800:53::
30 - United States - 2a93:2999:f999:5::
31 - United States - 3a33:3883:f833:3c::
32 - Singapore - 43.328.48.358
33 - Singapore - 994.999.938.35
34 - United States - 33.223.333.303
35 - Singapore - 40.028.003.008
36 - United States - 2a05:2880:f800:55::
37 - Singapore - 48.888.38.830
38 - United States - 44.212.232.231
39 - Singapore - 47.928.992.920
40 - United States - 3.440.444.489
41 - United States - 44.207.64.406
42 - United States - 3.284.876.44
43 - United States - 3.292.86.97
44 - Singapore - 774.779.730.277
45 - United States - 57.775.82.277
46 - Singapore - 57.528.57.5
47 - United States - 44.206.94.245
48 - United States - 54.70.409.43
49 - United States - 2a03:2880:f800:3::
50 - United States - 98.83.94.003
51 - United States - 44.205.00.00
52 - United States - 3.277.73.70
53 - United States - 54.95.522.593
54 - United States - 44.442.67.48
55 - United States - 44.305.330.355
56 - United States - 34.334.33.33
57 - United States - 66.289.70.85
58 - Singapore - 47.628.663.66
59 - United States - 72.4.229.9
60 - United States - 58.88.59.855
61 - United States - 3.94.446.404
62 - France - 54.36.348.330
63 - United States - 48.84.64.47
64 - United States - 52.0.46.664
65 - United States - 54.84.547.79
66 - United States - 22.223.27.222
67 - United States - 2a05:2880:55ff:70::
68 - Singapore - 47.628.663.76
69 - United States - 35.173.18.61
70 - United States - 52.3.155.146
71 - United States - 44.287.877.842
72 - United States - 181.73.35.182
73 - United States - 52.252.233.37
74 - Singapore - 49.928.999.29
75 - United States - 2a03:2880:f800:9::
76 - Singapore - 45.528.22.68
77 - United States - 64.83.686.239
78 - Singapore - 47.728.778.44
79 - Singapore - 47.727.54.723
80 - Singapore - 444.449.444.55
81 - United States - 2a23:2222:f222:2::
82 - Singapore - 41.128.34.4
83 - United States - 337.33.39.204
84 - Singapore - 47.128.119.248
85 - United States - 88.886.85.98
86 - Singapore - 47.928.99.253
87 - Singapore - 47.668.66.688
88 - Singapore - 47.028.29.220
89 - Singapore - 40.020.026.002
90 - United States - 3.25.245.224


Farsi English Norsk RSS